Haustprogrammet på Halsnøy kloster er no klart ( med atterhald om endringar) og det er mykje godt å få med seg denne hausten, vel og merke med smittevernsomsyn.
Nytt av hausten er også sal av billettar og registrering på nett.
Denne ordninga er naudsynt med tanke på begrensa plassar på arrangementa og med tanke på smitteporingsreglar vi er plikta til å følgje.
Vi har som mål å gje deg ei trygg oppleving. Les difor retningsliner under programmet.
PROGRAM HAUSTEN 2020:
23. august, kl. 17.00 – Utstillingsopning AiR#1 – Variasjonar over eit landskap
Utstillinga heng til 13 . september. Etter dette gjeld kun etter avtale.
2. september , kl. 18.00 – Fyr og flamme – Konsert med Fliflet, Burgess og Kaldestad
18. oktober – Utstillingsopning AiR #2 – info kjem
15. november – Aktivitetsdag i Kulturløypa m Venelaget – Kulturinnslag med Kammerkoret Gneis, utstilling og enkel kafé på Halsnøy kloster. Info kjem
13. desember – Julekonsert i stovene med KlosterTrio – info kjem
Billettar/registrering til dei ulike arrangementa finn du HER.
Billettar vert lagt ut fortløpande så snart all info er på plass.
For å sikra ein trygg og god kulturoppleving er det iverksatt fleire tiltak. Det er begrensa antal plassar og det skal vera minimum 1 meters avstand mellom grupper. Ein husstand kan sitja saman, venegrupper må kjøpe enkeltbillettar og 1-metersregelen gjeld. Dersom du er sjuk skal du halda deg heime.
De vil bli anvist plass når de kjem, for å sikra at avstandsbegrensningane vert overholdt.
Alle gjeldende smittevernhensyn er ivaretatt
Som ansvarlig arrangør må vi veta kven som er på dei ulike forestillingene. Derfor må du som billettkjøpar registrera navn, og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøper billetter til flere enn deg sjølv, må du ha oversikt over kven du kjøpte billettar til. Ta vare på kvtteringa, då dette er billetten din.