Mandag 13. mai vart det holdt kunstnarpresentasjon av dei 3 fotografane som for tida har opphald på klosteret. Nær 30 interesserte personar var tilstades og det må vi sei oss veldig nøgde med. Publikum fekk oppleva 3 veldig forskjellige kunstnariske uttrykk og arbeidsmåtar gjennom presentasjonane frå Anne Sophie Costenoble, Belgia, Daniela Friebel, Tyskland og Samir Tlatli, Tunisia. Ein fekk og eit lite innblikk i korleis kunstnarane tenkjer rundt eit prosjekt og korleis ein går fram for å komma i mål.
Desse presentasjonane er viktige, ikkje berre for å visa fram kunstnarane, men og for at dei skal få kontakt med lokalbefolkinga, noko som er viktig for gjennomføringa av dei enkelte prosjekta.
I etterkant av presentasjonane var det som alltid høve til drøs og fleire spørsmål over ein kaffikopp. Takk til alle som møtte!