Onsdag 2. september, kl. 18.00 er det ei glede å kunne ynskje Gabriel Fliflet velkommen attende til Halsnøy kloster. Denne gongen med konserten «Fyr og flamme» saman med Richard Burgess og med gjest Per Olav Kaldestad.
Fyr og flamme er ein konsert med salte songar og kuling i kastene.

Richard og Gabriel på ett av sine mange musikalske besøk på Shetland
Engelske shanties frå seilskutetida, vestlandske hav-valser, livlege låter frå Shetland og songar av skottenes elskede Robert Burns – på norsk. Konserten kretser kring Nordsjøens kyster og er spesielt laga for å fremførast i havgapet, gjerne på eit fyr, og alltid med flammande kraft i song og spill. Og sjølvsagt drar dei to venene publikum med på varmande allsong når tida er inne!
Richard Burgess er engelskmannen som kom til Norge i 1976 med ein ryggsekk og ein gitar – og som er her enno. I mellomtida har Burgess markert seg som ein særprega visesongar og folkemusiker, med ein malmfull stemme som han akkompagnerar med gitar og concertina. Han opptrer både solo og i grupper som Doggerland, FatDog og Foghorn. Han er også skribent, lærebokforfattar og hyppig nytta kåsør.
Gabriel Fliflet er ein nysgjerrig musikar med trekkspill som hovudinstrument og song og piano dertil. Mange kjenner han frå samarbeidet med trommeslager Ole Hamre, frå kvartetten Novgorod eller nokre av Gabriels mange bestillingsverk og prosjekt, som Elvemot, Åresong (med dikt av Jon Fosse), Valseria og Rose (Robert Burns på norsk). Gabriel har samarbeidd med eit utal leiande folkemusikarar som Berit Opheim, Odd Nordstoga og Gjermund Larsen.
Gabriel og Richard har spelt i lag i mange år, mellom anna som medlemmer av verdas einaste fransk- britisk-norske folkemusikkgruppe: Five Men in a Boat.

Per Olav Kaldestad, foto: Øyvind Hjelmen
Per Olav Kaldestad er med dei som gjest denne dagen.