Palmesundag 28. mars opner vi sesongen på klosteret med mellom anna flotte intimkonserter i stovene med Hilde Selvikvåg og utstilling i kjellaren med illustrasjonar av Hilde Thomsen. Det vert ikkje tradisjonell utstillingsopning grunna smittevernomsyn, men den vil vera open mellom 16.00 – 18.00 med kunstnaren tilstades.
Det vert 2 konsertar etter utstillingsopninga samme dag, kl. 18.00 og kl 19.30. dette grunna sterkt begrensa antal plassar pr. konsert, så vær om deg!
Billettar vert lagt ut for salg på nett i løpet av neste veke.
Grunna smittevernomsyn er det ikkje mogeleg å ha meir enn 10 personar inne i utstillingslokala om gongen med registrering.

Hilde Selvikvåg
Hilde Selvikvåg frå Jæren har på kort tid oppnådd stor suksess med Spellemannsominasjon av debutalbumet i 2015, og deretter fleire store radiohits på løpande band. Med sine fengande poplåter som «Karusell», «Indie» og «Anemone» har ho sneke seg inn i manges hjarter og blitt ein av landets mest spelte artister på norsk radio. Høsten 2018 slapp ho sitt andre album «Fanga heile verden», der heile fem av ni spor har blitt radiolista, noko som er ein stor og sjeldan bragd. Albumet har også hausta strålande kritikker og blitt omtala som årets norske poptriumf og det mest melodiøst skråsikre albumet i 2018. Med sitt særpreg i uttrykk, melodiføring, stemmeprakt og formidlingsevne har ho bevist at ho er ein unik artist og låtskriver som våger å gå sine eigne veger.
Stadig fleire har fått augene opp for den dyktige artisten frå Rogaland.
Meir om Hilde Selvikvåg: http://hildeselvikvaag.no/
Tradisjon tru blir det utstilling også. I år har vi vore så heldige å få med oss illustratør og biletkunstnar Hilde Thomsen med sine finurlege strekar.
Hilde Thomsen er illustratør og biletkunstnar med base i Stavanger. Ho tegner fast for DN Lørdag og Tidsskrift for Norsk psykologforening. Hilde tegner alt for hånd og bruker mest blekk og akvarell. Når ho ikkje tegner på oppdrag så tegner ho tegninger inspirert av norsk natur og landbruk. Oppskrifta på karikaturtegning blir brukt på dyr. Hilde har mellom anna tegna dei norske sauerasene og bevaringsverdige storferaser. Utstillinga er også ei salsutstilling, så her har du høve til å få kjøpt deg flotte trykk.
Utstillinga står til sundag 18.april
Meir om Hilde Thomsen her: https://hildethomsen.no/
Vi gler oss og håper du vil vera med oss denne dagen.