18. oktober – 15. november 2020
Samir Tlatli (Tunis / Frankrike), Anne-Sophie Costenoble (Belgia),
Daniela Friebel (Tyskland)
Utstillingsopning sundag 18. oktober kl 17.00
Kunstnaropphaldsprogrammet ved Halsnøy kloster ynskjer velkomen til siste utstilling i år.
Tlatli, Costenoble og Friebel var på opphald ved klosteret våren 2019, og skulle egentlig hatt utstilling
no i vår. Denne måtte utsetjast grunna pandemien, og vi er glade for endeleg å kunne vise resultata
frå deira opphald.
Samir Tlatli kjem frå Tunis, men bur og arbeider i Paris. Han har utdanning som filmfotograf frå
filmskulen i Praha, Tsjekkia, og frå det internasjonale institutt for fotografi i Paris (SPEOS).
Samir brukar fotografiet for å synleggjere ei umerkeleg tomheit, han brukar geometriske former
og komposisjonar som i samspel med kropp kan avsløre ein psykologisk tilstand, og skape ei historie.
På Halsnøy opplevde han klosteret som vakkert, omgjeve av mysterier. Han høyrde rykte om at
staden kunne vere heimsøkt, at enkelte var redde for å vere der. Etter kvart møtte han ho som
vart den viktigaste modellen hans, ei ung jente som ikkje var redd. Resultatet vart prosjektet La
Silencieuse (den stille).
«Det er på tide å skremme dei stemmene som skremmer deg», var tanken til Samir.
Han beskriv opphaldet som ei stille reise; gode, underlege møte, og ei magisk oppleving.
Anne-Sophie Costenoble er frå Belgia. Ho utforskar og plukkar med seg ordinære og skjøre
augneblinkar. Tilfeldighetar spelar ein sentral rolle i hennar følsomme og poetiske tilnærming til
fotografiet, og bilda har ofte ein draumeaktig atmosfære. Arbeida hennar har vore utstilt over store
delar av Europa, mellom anna i Belgia og Frankrike.
På Halsnøy starta ho prosjektet Silent Voices, som ho og arbeider vidare med i ettertid, slik at dette
fortsatt er eit pågåande prosjekt..
Daniela Friebel er frå Tyskland, og bur og arbeider i Berlin. Ho er utdanna i kunstfotografi i Leipzig.
Utgangspunktet for arbeidet hennar på Halsnøy var at livet på ei øy er forma av livet på sjøen.
Ho fortel at den første turen ho gjekk på øya tok henne til Skarvasteinen der tuftene etter
langskipsnaust låg mellom beitande sauer. Ho vart seinare invitert til å sjå ei overveldande samling
flaskeskip, og på eit tidspunkt stod ho framfor restane av det som ho vart fortalt var den siste
livbåten til eit skip frå det tredje riket sin marine.
Daniela seier: «eg er svært takksam for gjestfriheten og hjelpsomheten til folk på Halsnøy, som lot
meg få eit lite innblikk i livet ved sjøen og på sjøen.»
Mellom anna kom ho over ei loggbok der mannskap har registrert arbeidet dei gjorde med dagleg
vedlikehald. Same pliktene gjort dag etter dag, natt etter natt, alt loggført.
Dette gav henne tittelen på installasjonen ho syner på utstillinga: Time and Again.