Opningstider og utstillingar

Hausten er her og då skjer også endringar i opningstidene. Frå og med 28. august fram til og med 13. september er det ope fredag – søndag kl 12.00 – 16.00. Elles etter avtale.

Hausten 2020 på Halsnøy kloster

Haustprogrammet på Halsnøy kloster er no klart ( med atterhald om endringar)  og det er mykje godt å få med seg denne hausten, vel og merke med smittevernsomsyn. Nytt av hausten er også sal av billettar og registrering på nett. Denne ordninga  er naudsynt med tanke på begrensa plassar på arrangementa og med tanke på…

Fyr og flamme – konsert i klosterstovene med Fliflet, Burgess og Kaldestad

Onsdag 2. september, kl. 18.00 er det ei glede å kunne ynskje Gabriel Fliflet velkommen attende til Halsnøy kloster. Denne gongen med konserten «Fyr og flamme» saman med Richard Burgess og med gjest Per Olav Kaldestad. Fyr og flamme er ein konsert med salte songar og kuling i kastene.